19. februar 2014

Animert i 100 år

Presentasjon av filmane:

«Sivert» er produsert i 2013.

Dette er ein animasjonsfilm om helten Sivert som har eit stort hovud. 

Filmen en bygd på barneboka med same namn som er skrive av Bjørn Eidsvåg.

Petter Schanke Olsen har  regissert og er produsent av filmen.  Thomas Berg har hatt ansvar for animasjon og illustrasjonar.

Animasjonsfilmen er ein 2D –film.



«Sinna Mann» er produsert i 2009.

Denne animasjonsfilmen handlar om Boj, som er redd for pappaen sin som slår.

Filmen har 7 års aldersgrense og før ein viser denne filmen til barn og ungdom må den presenterast grundig. Den omhandlar eit tema som fleire barn og unge kan kjenne seg att i.
 Eg legg ved nokre lenker som viser korleis ein kan førebu denne filmen før visning til elevane:
http://www.filmweb.no/skolekino/incoming/article1012199.ece
http://www.trollfilm.no/new/nor_sinna.html 
 
Gro Dahle har skrive teksten og Sven Nyhus har illustrert boka «Sinnamann» som filmen er bygd på. Boka vert rekna som ei samtalebok over eit alvorleg tema.

Regissør av filmen er Anita Killi. Ho bruker ein teknikk som heiter multiplanteknikk der kameraet heng i taket. Animasjonsfigurane er laga i «cut-out»-teknikk. Filmen har fått ei rekke med prisar.o


Kjelder:






http://www.youtube.com/watch?v=2wpOailm3Oc





http://nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/828575 

Denne lenka er kun eit klipp av filmen. Vil du vise heile går du hit:

http://www.filmarkivet.no/film/details.aspx?filmid=400198







Undervisningsopplegg

Klasse: 9.steg
Tid: 2 undervisningstimar

Kompetansemål: -Samtale om opplevinga av korleis kunstnarar til ulike tider og i ulike kulturar har uttrykt seg gjennom foto, film og video, bruke dette i eige arbeid.

Kva:

·         -Presentere temaet animasjonsfilm og dei to filmane elevane skal sjå
·         -Vise filmane
·         -Undervise om verkemiddel i animasjonsfilm
·         -Dele elevane i grupper
·         -Sjå ein og ein film på nytt med samtale i etterkant om kva verkemiddel elevane har funne
·         -Samanlikne filmane

Korleis:
·         «Animasjon er å skape liv og sjel til figurer, og figurene kan tegnes, lages som dukker, eller bygges opp ved et digitalt verktøy» (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013, s.137)
Animasjonsfilm er laga ved å ta enkeltbilete. Det er ikkje ei rørsle som er filma.
·         Presentere filmen «Sivert» og vise denne utan å kommentere den.
·         Presentere grundig (sjå lenker) filmen «Sinna Mann» og vise den utan å kommentere den.

·         Verkemiddel i animasjonsfilm:
-bildeutsnitt: stortotal, halvtotal, halvnært, nærbilete, ultranært
-lyd
-lys
-scenografi med bakgrunn, mellomgrunn og bakgrunn

             Elevane noterer i bøkene sine når det blir undervist i verkemidla.

·       Elevane blir delt i grupper på tre og får sjå filmen «Sivert» igjen. Dei skal finne ulike verkemiddel i filmen og notere i bøkene sine etterkvart. Dei får litt tid i etterkant av filmen og diskutere på gruppa. Vi går gjennom kva verkemiddel elevane har funne og avsluttar med å snakke om kva bodskap ein får fram ved å bruke akkurat desse verkemidla.
Vi gjer det same med filmen «Sinna Mann».

·      Vi avsluttar denne gjennomgangen med å samanlikne desse to filmane.

Kvifor:

Dette undervisningsopplegget er meint som ei innleiing til vidare arbeid med animasjonsfim. Elevane får på denne måten ei grundig opplæring i kva verkemiddel ein nyttar for å frå fram eit bodskap i filmen. Ved å bruke desse to filmane får dei to eksempel på bruk av «cut-out»-metoden. Nokre elevar har kanskje prøvd ut denne metoden på mellomtrinnnet. 

Dei får òg diskutere to alvorlege tema. Ein kan til dømes bruke denne innleiinga som eit tverrfagleg opplegg innan faga norsk, kunst og handverk og RLE.

Tanken vidare er at elevane idèmyldre og lage ei historie til eigen film. For å gje dei meir kunnskap om animasjonfilm vil eg vise dei filmen korleis «Jul i Flåklypa" er laga. Dette kan gi inspirasjon til å lage eigne dokker til eigen 3D-film.