19. februar 2014

Animert i 100 år

Presentasjon av filmane:

«Sivert» er produsert i 2013.

Dette er ein animasjonsfilm om helten Sivert som har eit stort hovud. 

Filmen en bygd på barneboka med same namn som er skrive av Bjørn Eidsvåg.

Petter Schanke Olsen har  regissert og er produsent av filmen.  Thomas Berg har hatt ansvar for animasjon og illustrasjonar.

Animasjonsfilmen er ein 2D –film.



«Sinna Mann» er produsert i 2009.

Denne animasjonsfilmen handlar om Boj, som er redd for pappaen sin som slår.

Filmen har 7 års aldersgrense og før ein viser denne filmen til barn og ungdom må den presenterast grundig. Den omhandlar eit tema som fleire barn og unge kan kjenne seg att i.
 Eg legg ved nokre lenker som viser korleis ein kan førebu denne filmen før visning til elevane:
http://www.filmweb.no/skolekino/incoming/article1012199.ece
http://www.trollfilm.no/new/nor_sinna.html 
 
Gro Dahle har skrive teksten og Sven Nyhus har illustrert boka «Sinnamann» som filmen er bygd på. Boka vert rekna som ei samtalebok over eit alvorleg tema.

Regissør av filmen er Anita Killi. Ho bruker ein teknikk som heiter multiplanteknikk der kameraet heng i taket. Animasjonsfigurane er laga i «cut-out»-teknikk. Filmen har fått ei rekke med prisar.o


Kjelder:






http://www.youtube.com/watch?v=2wpOailm3Oc





http://nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/828575 

Denne lenka er kun eit klipp av filmen. Vil du vise heile går du hit:

http://www.filmarkivet.no/film/details.aspx?filmid=400198







Undervisningsopplegg

Klasse: 9.steg
Tid: 2 undervisningstimar

Kompetansemål: -Samtale om opplevinga av korleis kunstnarar til ulike tider og i ulike kulturar har uttrykt seg gjennom foto, film og video, bruke dette i eige arbeid.

Kva:

·         -Presentere temaet animasjonsfilm og dei to filmane elevane skal sjå
·         -Vise filmane
·         -Undervise om verkemiddel i animasjonsfilm
·         -Dele elevane i grupper
·         -Sjå ein og ein film på nytt med samtale i etterkant om kva verkemiddel elevane har funne
·         -Samanlikne filmane

Korleis:
·         «Animasjon er å skape liv og sjel til figurer, og figurene kan tegnes, lages som dukker, eller bygges opp ved et digitalt verktøy» (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013, s.137)
Animasjonsfilm er laga ved å ta enkeltbilete. Det er ikkje ei rørsle som er filma.
·         Presentere filmen «Sivert» og vise denne utan å kommentere den.
·         Presentere grundig (sjå lenker) filmen «Sinna Mann» og vise den utan å kommentere den.

·         Verkemiddel i animasjonsfilm:
-bildeutsnitt: stortotal, halvtotal, halvnært, nærbilete, ultranært
-lyd
-lys
-scenografi med bakgrunn, mellomgrunn og bakgrunn

             Elevane noterer i bøkene sine når det blir undervist i verkemidla.

·       Elevane blir delt i grupper på tre og får sjå filmen «Sivert» igjen. Dei skal finne ulike verkemiddel i filmen og notere i bøkene sine etterkvart. Dei får litt tid i etterkant av filmen og diskutere på gruppa. Vi går gjennom kva verkemiddel elevane har funne og avsluttar med å snakke om kva bodskap ein får fram ved å bruke akkurat desse verkemidla.
Vi gjer det same med filmen «Sinna Mann».

·      Vi avsluttar denne gjennomgangen med å samanlikne desse to filmane.

Kvifor:

Dette undervisningsopplegget er meint som ei innleiing til vidare arbeid med animasjonsfim. Elevane får på denne måten ei grundig opplæring i kva verkemiddel ein nyttar for å frå fram eit bodskap i filmen. Ved å bruke desse to filmane får dei to eksempel på bruk av «cut-out»-metoden. Nokre elevar har kanskje prøvd ut denne metoden på mellomtrinnnet. 

Dei får òg diskutere to alvorlege tema. Ein kan til dømes bruke denne innleiinga som eit tverrfagleg opplegg innan faga norsk, kunst og handverk og RLE.

Tanken vidare er at elevane idèmyldre og lage ei historie til eigen film. For å gje dei meir kunnskap om animasjonfilm vil eg vise dei filmen korleis «Jul i Flåklypa" er laga. Dette kan gi inspirasjon til å lage eigne dokker til eigen 3D-film.
                             













22. november 2013

Kva læring fremjar ein ved å ta i bruk blogging i skulen?

Elevane veks opp i eit digitalt samfunn og vi kan gjennom tilretteleggjing i undervisninga hjelpe elevane å finne fram i jungelen av informasjon. I faga dei møter på skulen skal dei kunne bruke digitalt verkty. Dette gjeld også i høg grad dei praktiske faga. I følgje LK06 skal elevane kunne "søke informasjon og selv produsere informasjon i tekst og bilder". Dei skal få kunnskap om kjeldekritikk, personvern og ha kjennskap til reglar om opphavsrett. I fleire av læringsmåla skal elevane presentere eige og andre sine arbeid gjennom multimediapresentasjonar.

I all undervisning er det viktig å tenke korleis får vi elevane motivert for læring? I utgangspunktet er det viktig å finne ut kor mykje elevane veit om emnet frå før. Vi må møte elevane der dei er slik at dei kjenner meistring i startfasen. Erfaringa viser at dersom elevane vert presentert for noko dei kan noko om så har ein fokuset deira med ein gong. Då kan ein starte undervisninga og bygge på med meir kunnskap om emnet. I dei praktiske faga har vi gode høve til å få med oss fleire elevar i læringsprosessen fordi vi heile tida kan veksle mellom teori og praksis.

I dag har elevane mykje digital erfaring og i mange tilfelle har elevane meir erfaring enn lærararane.
Som skule må vi møte elevane slik at dei kjenner at deira kompetanse er nyttig og kan brukast 
konkret i undervisninga. Vi må ta tak i kunnskapen deira, hjelpe dei å sortere og lære dei viktige retningslinjer i digital kommunikasjon. 

Fleire elevar har sine eigne bloggar eller dei er ivrige blogglesarar. Blogg er eit sosialt medium der ein kan få kommentarar på det ein legg ut. Facebook, instagram og snapchat er andre sosiale kanalar dei fleste elevane brukar for å kommunisere med vener og andre. Denne forma for kommunikasjon er viktig i det sosiale livet til den enkelte elev og  der er derfor viktig at vi som vaksne tek dei på alvor.

Først og fremst er målet med å undervise om blogging at elevane lærer seg god "nettetikette, det vil si god oppførsel på nettet " (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013, s.159).  Det er grunnleggande kunnskap alle bør ha som brukar sosiale medium. Dei bør lære kor mykje av personleg informasjon som bør leggast ut. Vidare øve på å vere kritisk og bevisst på det dei les. Barneombudet har laga bloggtips som skal rettleie ungdom og andre som bloggarar. (http://barneombudet.no/dine-rettigheter/til-en-meningsfull-fritid/blogg/). Desse tipsa er ei rettleiing slik at det skal vere lettare å ikkje oppleve noko ubehageleg på nettet. Å undervise i kjeldekritikk, personvern og lisensiering vil gjere elevane betre utrusta til å meistre nettet som ein læringsarena i alle fag og sosialt. (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013)

Gjennom blogginga lærer elevane å presentere eigne interesser og hobbyar. Dei får øve seg på å vise mot til å vere synlege og bevisste. Dette styrkjer sjølvkjensla til den enkelte. Undervegs lærer dei å reflektere gjennom vala dei tek til dømes om visuelle verkemiddel i bloggen. Alt dei legg ut på veven er dokumentasjon på korleis dei vel å uttrykke seg og dei får erfaring med å stå for det dei har skrive. Vidare får dei verdifull øving i å kommunisere gjennom tekst og bilete. Og vidare få tilbakemelding på eigen kommunikasjon frå kjende og ukjende lesarar. Dei får både digital og teknisk innsikt og på den måten aktivert fleire intelligensar (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013).
For å understreke kor viktig dette emne er vil eg vise til ein artikkel som heiter:.  "Bruk av blogg i undervisningen" av Britt Iren Hetland Haavik. Den seier noko om at gjennom å lære om blogg og bruke blogg, får elevane ei aktiv rolle som Haavik kallar prosumentar. Elevane er her både produsentar og konsumentar som er med på å både skape og utvikle tekst og bilete gjennom visuell kommunikasjon. (http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Bedre%20Skole/BS_nr1_11/BS_1-12/UTD-BedreSkole-0112-WEB_Haavik.pdf)