I all undervisning er det viktig å tenke korleis får vi elevane motivert for læring? I utgangspunktet er det viktig å finne ut kor mykje elevane veit om emnet frå før. Vi må møte elevane der dei er slik at dei kjenner meistring i startfasen. Erfaringa viser at dersom elevane vert presentert for noko dei kan noko om så har ein fokuset deira med ein gong. Då kan ein starte undervisninga og bygge på med meir kunnskap om emnet. I dei praktiske faga har vi gode høve til å få med oss fleire elevar i læringsprosessen fordi vi heile tida kan veksle mellom teori og praksis.
I dag har elevane mykje digital erfaring og i mange tilfelle har elevane meir erfaring enn lærararane.
Som skule må vi møte elevane slik at dei kjenner at deira kompetanse er nyttig og kan brukast
konkret i undervisninga. Vi må ta tak i kunnskapen deira, hjelpe dei å sortere og lære dei viktige retningslinjer i digital kommunikasjon.
Fleire elevar har sine eigne bloggar eller dei er ivrige blogglesarar. Blogg er eit sosialt medium der ein kan få kommentarar på det ein legg ut. Facebook, instagram og snapchat er andre sosiale kanalar dei fleste elevane brukar for å kommunisere med vener og andre. Denne forma for kommunikasjon er viktig i det sosiale livet til den enkelte elev og der er derfor viktig at vi som vaksne tek dei på alvor.
Først og fremst er målet med å undervise om blogging at elevane lærer seg god "nettetikette, det vil si god oppførsel på nettet " (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013, s.159). Det er grunnleggande kunnskap alle bør ha som brukar sosiale medium. Dei bør lære kor mykje av personleg informasjon som bør leggast ut. Vidare øve på å vere kritisk og bevisst på det dei les. Barneombudet har laga bloggtips som skal rettleie ungdom og andre som bloggarar. (http://barneombudet.no/dine-rettigheter/til-en-meningsfull-fritid/blogg/). Desse tipsa er ei rettleiing slik at det skal vere lettare å ikkje oppleve noko ubehageleg på nettet. Å undervise i kjeldekritikk, personvern og lisensiering vil gjere elevane betre utrusta til å meistre nettet som ein læringsarena i alle fag og sosialt. (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013)
Gjennom blogginga lærer elevane å presentere eigne interesser og hobbyar. Dei får øve seg på å vise mot til å vere synlege og bevisste. Dette styrkjer sjølvkjensla til den enkelte. Undervegs lærer dei å reflektere gjennom vala dei tek til dømes om visuelle verkemiddel i bloggen. Alt dei legg ut på veven er dokumentasjon på korleis dei vel å uttrykke seg og dei får erfaring med å stå for det dei har skrive. Vidare får dei verdifull øving i å kommunisere gjennom tekst og bilete. Og vidare få tilbakemelding på eigen kommunikasjon frå kjende og ukjende lesarar. Dei får både digital og teknisk innsikt og på den måten aktivert fleire intelligensar (Lepperød, Kallestad, Gilje, 2013).
For å understreke kor viktig dette emne er vil eg vise til ein artikkel som heiter:. "Bruk av blogg i undervisningen" av Britt Iren Hetland Haavik. Den seier noko om at gjennom å lære om blogg og bruke blogg, får elevane ei aktiv rolle som Haavik kallar prosumentar. Elevane er her både produsentar og konsumentar som er med på å både skape og utvikle tekst og bilete gjennom visuell kommunikasjon. (http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Bedre%20Skole/BS_nr1_11/BS_1-12/UTD-BedreSkole-0112-WEB_Haavik.pdf)
For å understreke kor viktig dette emne er vil eg vise til ein artikkel som heiter:. "Bruk av blogg i undervisningen" av Britt Iren Hetland Haavik. Den seier noko om at gjennom å lære om blogg og bruke blogg, får elevane ei aktiv rolle som Haavik kallar prosumentar. Elevane er her både produsentar og konsumentar som er med på å både skape og utvikle tekst og bilete gjennom visuell kommunikasjon. (http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Bedre%20Skole/BS_nr1_11/BS_1-12/UTD-BedreSkole-0112-WEB_Haavik.pdf)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar